*"Premium MEDLEM Kr 299/år":http://www.smsfiskekort.no/brukergenerert.html ________ "Standard MEDLEM Kr 49/.- engangssum

Sportsfiskesida presenterer: Hjalma Sone 2 (Laks)

Hjalma er ei lita lakse – elv 6-7 km vest for Nordfjordeid. Det er ei flaumelv som veks fort opp om det kjem ein regnskvett. Ho blir også raskt lita att når regnet tek slutt. I periodar med lite nedbør og lite smeltevatn frå nedslagsfeltet, vert ho så lita at ho vert stengd for laksefiske.
Starten på Hjalma finn ein mot Møre grense der Svartevatnet og Grimeskardvatnet renn vestover til Seflandssetra og vidare fram gjennom dalen. Forbi alpinsenteret er det ein foss i Hjalma: Harpefossen, som er opphavet til namnet på det flotte skisenteret. Fyrste skikkelege påfyll med vatn får Hjalma frå høgareliggande fine fiskevatn som Kjendalsvatnet og Storeggvatnet som ligg på 800-900 meters høgd. Sjå omtale på fiskesida. Lenger framme på Kjørstad, kjem ei ny sideelv frå Klovevatnet og Støvelsvatne (Sjå fiskesida).
Elva er delt inn i 3 soner og det vert selt 4 fiskekort i kvar sone. Kort får ein kjøpt på sportsbutikken Chatlet på Nordfjordeid. Sone 1 går frå sjøen og grunneigarane på Løkja og Naustdal eig på kvar si side av elva. Fleire fine hølar. Ein av dei heiter Antonhølen.
I sone 2 er det fortsatt gardbrukarar på Løkja og Haugland som eig grunnen. På andre sida av elva er det dei på Bjørhovde/Ryst som er grunneigarar. Her er fine hølar som: Stokkehølen, Hundehølen, Saghølen og Ottahølen. Naturleg går fisken til sistnemnde høl som ligg ved Bjørhovde Bru. For fleire år sidan vart det bygt fisketrapp her, slik at fisken går nokre km lenger nordover til Espe Bru. På denne strekninga er det mange fine gyteplassar.
Historikk.
Går ein nokre tiår tilbake i tid, var det fritt fiske i Hjalma for bygdefolket. På 1950/-60 talet brukte dei fleste bambusstang for å ta laksen. Det vart heller ikkje brukt snelle på desse stengene; taumen var berre knytt fast i tuppen av stanga. Laksar på fleire kg vart landa med dette fiskeutstyret. Ikkje 0.40 taum då, nei. Makkefiske har alltid vore beste måten å lure laksen på. Kan og bruke sluk i enkelte hølar. Etter kvart vart elva registrert som lakseelv, og det vart selt fiskekort på Haugland i fleire år. Seinare fekk ein grunneigar på Bjørhovde ansvar for kortsalet. I denne perioden vart det drive kultivering der dei fanga stamlaks og yngel vart sett ut i elva.
I ein lenger periode har opningstida for fiske i Hjalma vore frå 15. juni til ut august. For nokre år sidan vart dette redusert til 15. august. Før sesongen i år, kom det «store sjokket». Fylkesmannen ville stenge elva. Grunngjevinga var vel lite opplysningar om reproduksjonen i elva og manglande fangstrapportar. (Sjekk med Geir Lasse Espe: 95175325). Det nye styret for elva (2012) har gjennom forhandlingar med Fylkesmannen blitt einige om at elva vert open frå 15. juni til ut juli i år. Viktig at fangstrapportar vert sende inn. Oppslagstavle om Hjalma finn du ved gamlebrua i sone 2.(sjå bilde over)

Fin flugefiskesone i Hjalma.(bilde over)
Vil du sjå video ifrå Hjalma (med fangst) – kan du gå inn på Faktadatabasen (Bli medlem 0.-/100.-/200.-) – All info og kart/hovedbilde er GRATIS www.sfn.no

NB NB – Er du (eller blir du) betalt medlem – ser du alle videoar(vatn/vassdrag-pressentasjonar) – ikkje berre denne i frå Hjalma. Velkomen som medlem :-)

Eksempel på Videovisning: http://www.youtube.com/watch?v=yhLRMT20A94

Tekst/bilder/video: Svein Hjelmeset og Lars Bjørkeland

Vist 281 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder